Blogg, Hjem, TreStykker 2017

Dag 10

I dag blei nesten alle søkkvåt. Vêret har skifta frå sol til regn, til meir regn, til sol og regn. Ikkje nok med det, men me måtte leva på dei 2 daimsjokoladeplatene ingen åt dagen før. Til trøst blir det 12 plater i måro. (Siden nokon gløymte å ta med dagens rasjon)

Me har berre eit par dagar igjen. Dei fleste jobber på Neptun, medan nokre har vore litt overalt. BAS, Minde, Sandsli, Gravdal, Flesland, Midtun.

Snart skal alt på vatnet. Elipsen og the grid er montert/plassert på sirkelen. Landgangen og to flytebrygger er ferdig. Sirkelen har snart nok flyteelement, og kledning er påbegynt. Nokre iler/moringer/lodd er støpt.

Mykje gjenstår.

I måro startar første store test. Eine flytebrygga skal på vatnet, og første spor av oss kjem kanskje på riktig tomt.

Me ventar i spenning!


– Ingeleiv Andrea

     

#lunsjentilEspen med brød fra #rema1000 #makrellitomat #nugatti #vossafår

A post shared by TreStykker (@trestykker) on