Blogg, Hjem, TreStykker 2017

Dag 12

Slepte forankring til tomt med båt.

Dag 11 var ein innholdsrik dag! Starten av dagen vart brukt til å slepe tre grisetunge forankringslodd ved hjelp av ein båt med motor på 9 hestar. Det tok litt tid men gjekk bra til slutt. Den minste delen av landgangen vart sjøsatt for nokon dagar sidan og er dermed forankra på tomta.

 

Heisekranen som skal løfte konstruksjonen på sjøen kom klokka 12, noko som førte til eit realt skippertak på byggeplassen. Team isopor hastebygde ferdig sirkelen og satte i dei siste flyteelementa idet kranbilen vart dirigert inn på byggeplassen. Kranføreren var heldigvis ein blid og tålmodig type, for dei siste skruene vart drilla inn i byggverket etter han hadde parkert og var klar.

 

Fyrst vart den lange landgangen heisa uti. Den viste seg å være enno litt meir vinglete på vatnet enn den korte landgangen, og dette førte til litt panikk og ein del action. Eit lite øyeblikk såg det ut som om me kom til å måtte bade for å redde landgangen som skal gå opp på land. Denne har ikkje flyteelementer på seg, og låg oppå landgangen når den vart heisa ut i vatnet. Den holdt på å skli av, men vart redda av Vegard, som padla rundt i vatnet på eit isoporflak.

 

Og så skulle hoveddelen av konstruksjonen, sirkelen, heisast uti vatnet. Sirkelen vart løfta uti klokka 13, 4. august 2017. Dette var dagens, om ikkje heile workshopens, store høgdepunkt, vendepunkt og test. Alle sto oppstilt og fulgte spent med. Ein lokal fotoentusiast som har fulgt byggeprosjektet tett sidan dag ein, hadde tatt med sitt flottaste kamera og sto klar på bryggekanten. Kranføraren advarte oss om at sirkelen kom til å knake når den vart løfta opp, men at det ikkje gjorde noko. Stroppene til kranen var festa godt fast i skjelettet til sirkelen. Alle visste at eit og anna knak var ok, men at eit einaste knekk kunne bety undergang. Kranføraren starta å heise opp kranen. Stroppane stramma seg til. Det knirka ein god del, og kvart knirk fekk eit lite gisp frå forsamlinga som svar. Men etter nokon få sekund var heile byggverke heva eit godt stykke opp, utan at noko gjekk galt. Det sveva i lufta og bøyde seg litt, men det hang sammen, og retta seg ut til sin opprinnelige form når det vart lagt på plass i sitt riktige element. Sirkelen vart svinga utfor bryggekanten og satt rolig ned på vatnet av kranføraren.

 

– Den flyter! Jippi!!!

Heile gjengen jublar og klappar, og kranføraren smiler litt av oss som har brukt 12 lange dagar på å bygge noko som me i eit øyeblikk var skråsikre på at kom til å kollapse i lufta.  Sirkelen flyt stødig og fint på vatnet. Me klarte det! Kranføraren kunne fortelje at vidunderet veg mellom 4 og 4.5 tonn. Takk til Svanevik for hjelp med heisekran!

4 – 4.5 tonn!

     

     

 

her:

Første bit er på plass! #flytebrygge #bergen #duplo #trestykker2017

A post shared by TreStykker (@trestykker) on

💛

A post shared by Runa Oline (@runaoline) on

Forankring til Ø’en #trestykker2017 #flytebrygge #Bergen #støvler

A post shared by Ingeleiv Andrea (@ingeleivandrea) on